Heim

Kostendring

 

"DIN MAT SKAL VERA DIN MEDISIN

OG DIN MEDISIN SKAL VERA DIN MAT"

Velkomen til Endring til betre helse (kostendring.no)

 

Her finn du oversikt over kva eg jobbar med, og korleis eg kan hjelpa deg til auka livskvalitet. Kontakt meg gjerne ved spørsmål, eller for ein hyggelig samtale!

 

Eg tilbyr:

  • Veiledning ved diabetes
  • Kostveiledning som forebygging eller behandling
  • Generell soneterapi
  • Lymfedrenasje til kropp og ansikt
  • Kurs og foredrag innan kost og helse

Kva er me skapt for å eta?

 

Kosthaldsdebatten er eit stort tema for tida. Kva slags mat bør du halde deg til for å bli frisk? Middelhavskost, steinalderkost eller kanskje tallerkenmodellen? Feitt eller karbohydrat, eller kanskje protein? Fiber eller antioksydantar? Frukt eller ikkje frukt?

Kva er me skapt for å ete?

"Vi blir ikke fete fordi vi spiser for mye eller beveger oss for lite. Vi blir fete fordi vi spiser på en måte som får kroppen til å lagre fett" (Sten Sture Skaldemann, Spis deg ned i vekt , 2006)

Å tilpassa kosten til den enkelte er å finne ut kva som er bra for ein å ete. For personar som er insulinressistente, eller har fått påvist diabetes type 2 kan blodsukkermåling vera eit godt reiskap for å finne ut korleis matvarer påverkar blodsukkeret.

Karbohydrat-redusert kost har god effekt på ulike plagar som overvekt, høgt blodtrykk, diabetes, muskel- og leddplagar, polycystisk ovariesyndrom (PCOS), infertilitet, astma og ulike hud- og tarmlidelsar. (Frisk med lavkarbo – nytt liv med riktig mat, Sofie Hexeberg).

 

 

Ein kostendring kan gi auka livskvalitet og mindre plagar. Dette kan eg hjelpe deg med!